Nordfjorden er ein fjordarm frå Isfjorden på Spitsbergen i øygruppa Svalbard. Han har ein munning som er 17 km brei, og går nordover. Ved Kapp Wærn delar han seg i den lange smale Dicksonfjorden og den korte breie Ekmanfjorden. Til botn av av Dicksonfjorden er han om lag 48 km lang. Boheman fuglereservat ligg vest for munningen av Nordfjorden.
Kjelder
- Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).