Nord-Mitrovica (serbisk Ceвepнa Митровица, Severna Mitrovica; albansk Mitrovicë Veriore eller Mitrovica e Veriut) er ein by og ein kommune i distriktet Mitrovica i Kosovo. Ved folketeljinga i 2024 var det etter dei førebels resultata registrert at kommunen hadde 2 346 innbyggjarar,[2] men på grunn av boikott av folketeljinga er talet mykje for lågt.
Med utgangspunkt i lov nr. 03/L-041 av 02.06.2008[3] vart den nordlege delen av byen Mitrovica i 2013 skild ut som ein eigen kommune, stadfesta av Ministeriet for lokal administrasjon 16. mai 2014. Den nye kommunen omfatta òg dei to busetnadene Suhodoll i Epërm (serbisk Горњи Суви До, Gornji Suvi Do) og Suhodoll i Poshtëm (serbisk Доњи Суви До, Donji Suvi Do).[4]
Nord-Mitrovica vart då ein av ti kommunar i Kosovo med serbisk fleirtal.[5]
Busetnader
Folketeljinga i 2011 vart boikotta i den nordlege delen av byen. Etter det offisielle estimatet reknar ein at denne delen av byen hadde 12 326 innbyggjarar i 2011.[1] Busetnadene i kommunen var:
|
Folketal 2011[6][7]
|
Nord-Mitrovica |
12 326
|
Suhodoll i Poshtëm |
789
|
Suhodoll i Epërm |
224
|
Referansar