Nord-India er ein laust definert region som omfattar nordlege delar av India. Regionen er prega av Det nordindiske låglandet og Himalayafjella, som skil region frå Tibetplatået and Sentral-Asia. Nord-India har historisk vore sentrum for Mogulriket, Delhi-sultanatet og Britisk India. Den indiske hovudstaden Delhi ligg framleis i Nord-India.
Dei indiske delstatane Haryana, Himachal Pradesh, Jammu og Kashmir, Panjab, Rajasthan, Uttar Pradesh og Uttarakhand og unionsterritoria Delhi og Chandigarh[1][2] kan reknast med til Nord-India.
Tidvis kan ein også rekna med Bihar, Gujarat, Madhya Pradesh og Vest-Bengal.
Språk med offisiell status i eit eller fleire av desse områda er hindi, urdu, panjabi og engelsk.[3]
Kjelder