Norbert Wiener (26. november 1894–18. mars 1964) var ein amerikansk matematikar. Wiener gjorde mange viktige bidrag innanfor rein og anvendt matematikk, særleg innan fourieranalyse og brownske rørsler. Mest kjend er han likevel som skaparen av disiplinen kybernetikk. Av dei viktigaste bøkene hans er The Fourier Integral (1933), Cybernetics (1948) og dei to sjølvbiografiske bøkene Ex-Prodigy, my Childhood and Youth (1953), I am a Mathematician (1956) og God and Golem (1963).
Kjelder
«Norbert_Wiener» i Store norske leksikon, snl.no.