Nodeland er ein busetnad i Kristiansand kommune i Agder fylke. Fram til 2020 var staden kommunesenter i tidlegare Songdalen kommune i Vest-Agder fylke. I 2019 hadde han 3 840 innbyggjarar.[1]
Riksveg 461 og Sørlandsbanen går gjennom bygda, og Nodeland er ein stasjon på Sørlandsbanen. Bygda ligg om lag 7 kilometer vestom bysenteret i Kristiansand. Frå Nodeland går det fylkesveg nordaustover til tettstaden Nodelandsheia.
Fram til 2019 var Nodeland rekna som ein tettstad av Statistisk Sentralbyrå.[1] Frå 2020 blei han rekna som del av tettstaden Nodeland-Brennåsen.
Kjelder