Nizami gate (aserbajdsjanskNizami küçəsi) er ei stor gågate og handlegate i sentrum av Baku i Aserbajdsjan, kalla opp etter den kjende klassiske diktaren Nizami Ganjavi. Historia til gata kan sporast attende til byplanleggingsprosjektet i Baku i 1864. Gata går gjennom sentrum av byen frå vest til aust. Den bilfrie delen av gata starta ved Fonteneplassen og endar ved Rasjid Behbudov gate, og vert ofte kalla Torgovaja («handelgata» på russisk).
Det ligg mange forretningar i Nizami gate, frå bankar til motebutikkar. Her ligg òg ambassadane til Tyskland, Noreg, Nederland og Austerrike, samt EU-delegasjonen i Aserbajdsjan.[1][2] Den næraste metrostasjonen Sahil (raud linje, sør for Nizami gate) og 28 Maj (både raud og grøn linje, nord for gata).
Historiske landemerke
Husnummer
Bilete
Detaljar
20
Bygningen til Caspian—Black Sea Oil and Trade Society (bygt i 1898-1899).
48
Nordfasaden av huset til Musa Naghijev (til høgre), bygt i 1911.
50
Dei nyklassiske leilegheitene til Tagijev-brørne, bygt i 1912.
64
Huset, bygt i 1911, der Lev Landau vart fødd og budde.