Niokolo-Koba nasjonalpark ligg søraust i Senegal, på grensa til Guinea. Parken omfattar 913 000 hektar. Han blei freda som viltreservat i 1926, som nasjonalpark i 1954 og utvida fire gongar på 1960-talet. Han har vore rekna som verdsarvområde sidan 1981.
Parken ligg på ein elveslette med høgder på opptil 200 moh, på begge sidene av Gambiaelva, som dekkjer elveslettene i flaumperiodar. Landskapet er prega av savannar og noko skog. Parken har eit rikt dyreliv, med elefantar, løver, leopardar, sjimpansar, bavianar, flodhestar og den store kjempeelanden (Taurotragus derbianus).
I 2007 blei parken oppført på lista over truga verdsarvstader, på grunn av krypskytteri og planar om å bygga ein dam oppstraums for parken som ville forstyrra dei regelmessige flaumane som er ein føresetnad for økosystemet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff