Nils Jørgen August Mikalsson Kulstad (15. januar 1866–17. desember 1947) var ein norsk gardbrukar, bankmann og stortingsmann for partiet Venstre frå Vefsn i Nordland. Nils Isaksson Kulstad var farfar hans.
Kulstad var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han amtsskulen, før han tok over farsgarden i 1887. Frå 1904 var han i tillegg kasserar i Vefsn Sparebank.
Kulstad var medlem av heradsstyret, ordførar 1895-96 og 1902-04. Også varaordførar og skulestyreformann. Frå 1893 til han i 1904 vart kasserar i sparebanken, var han styreleiar i same banken.
Valperiodane 1910-12 og 1913-15 representerte Kulstad Nordre Helgeland krins på Stortinget. Han var medlem av landbrukskomiteen. Etter å ha vore ute av Stortinget i tre år, vart han hausten 1918 vald for ein ny periode frå einmannskrinsen Nordre Helgeland og i 1921 attvald frå den nye fylkeskrinsen Nordland. Alle desse seks åra 1919-24 sat han Skog- og vassdragskomiteen.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Stortingsbiografi