Nils Claus Ihlen (24. juli 1855–22. mars 1925) var ein norsk brukseigar og Venstre-politikar frå Oslo.
Ihlen var son av ein brukseigar. Sjølv vart han student frå Nissens skole i hovudstaden i 1872, cand.philol. året etter og studerte deretter ved teknisk skule i Zürich. Ei tid var han så tilsett ved jarnbaneanlegg. I 1883 overtok han Strømmen Mekaniske Verksted og Støperi, eigde og dreiv dette til 1908, sidan stod han einast som eigar.
Ihlen var i årevis medlem av Skedsmo heradsstyre, ordførar i mange år. Perioden 1906-09 representerte han krinsen Mellem Romerike på Stortinget. Han var medlem av budsjettkomiteen og i 1907 av den utvida jarnbanekomiteen og av fossefallskomiteen. Frå 19. mars 1908 var han statsråd og sjef for arbeidsdepartementet i Gunnar Knudsens fyrste regjering, ein posisjonen han hadde til regjeringa gjekk av 1. februar 1910.
Ihlen var utanriksminister i Gunnar Knudsens andre regjering frå 1913 til 1920.
Som utanriksminister vart Ihlen særleg kjend gjennom si sentrale rolle i Grønlandssaka. Han inngjekk med Danmark i 1919 ein folkerettsleg bindande avtale, gjerne kalla Ihlen-deklarasjonen, som gjorde det umogleg for Noreg å annektere Aust-Grønland. Ihlen styrte ei stund i 1918 også industri- og forsyningsdepartementet.
Kjelder