Nils Halvorsson Dahl (25. mai 1783–31. desember 1859) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sannidal i Telemark.
Dahl var frå garden Farsjø i Sannidal. Sjølv vart han gardbrukar på Dal i heimbygda, dessutan lensmann i Sannidal ei kort tid. I 1824 var han 2. representant frå Bratsbergs amt på Stortinget, der han var medlem av kyrkjekomiteen.
Dahl døydde på Holt i Sannidal i 1859.
Kjelder