Nils-Reinhardt Christensen (fødd 13. april 1919 i Skien, daud 8. november 1990) var ein norsk teatermann, skodespelar og filmskapar. Han er blant anna kjent frå Stompa-serien, som han omsette og regisserte.
Christensen var instruktør ved Nationaltheatret (1940–47), der han òg var med i fleire oppsettingar (1946–47). Vidare var han ved Radioteateret og vart sjef ved Trøndelag Teater (1950–51). Han filmdebuterte 1957, og var formann i Norske Dramatikeres Forbund (1973–85).
Han er bror til pressemannen Christian A.R. Christensen.
Utmerkingar
Verk
- Men barna – ? (1945, om skjebnen til krigsborna). Manus. Hørespill
- Min kone er uskyldig (Danmark, 1950). Skodespelar.
- Ringen om Bastian (1955, om åtferdsvanskar). Manus. Hørespill
- Roser til Monica (1956). Manus.
- Selv om de er små (1957). Manus.
- Line (1961). Regi.
- Et øye på hver finger (1961). Regi.
- Stompa & Co(1962)
- Den store dagen (1974). Regi. Skodespel.
- Stompa, selvsagt (1963)
- Stompa forelskar seg (1965)
- Stompa til sjøs (1967). Film.
- Psychedelica blues (1969)
- Dobbeltstreken (1977). Skodespel.
Kjelder
Bakgrunnsstoff