Duane Jones, Judith O'Dea, Karl Hardman, Marilyn Eastman, Keith Wayne, Judith Ridley, Kyra Schon, Charles Craig, Bill Hinzman, Russell Streiner, Bill Cardille, George A. Romero, Debbie Rochon, John A. Russo
Night of the Living Dead er ein svart-kvit zombiefilm frå USA som vart regissert av George Romero i 1968. I filmen spelar Duane Jones og Judith O'Dea hovudrollane som Ben og Barbra. På mystisk vis vert dei daude levande att, som zombiar med ein hunger etter mannekjøt. Ben og Barbra må i lag med fem andre menneskje kjempe for å overleve på eit landsens gardsbruk i Pennsylvania.
Romero debuterte som filmregissør, og produserte filmen for eit budsjett på 114 000 amerikanske dollar. I tiåret etter premieren skulle det komme fleire gjenutgjevingar på kino, og ein trur filmen har tent inn 12 millionar dollar i USA og 30 millionar dollar på den internasjonale marknaden.[3][4]Night of the Living Dead vart sterkt kritisert i samtida for grovt innhald. I 1999 gav det amerikanske Library of Congress filmen innpass i United States National Film Registry, eit oversyn over det dei kallar historiske, kulturelle og estetisk viktige filmar.[5]
Filmen hadde ein stor påverknad på kulturen i Vietnam-tida sitt USA. Han er ofte sett på som tungt lada samfunnskritikk og har blitt skildra som subversiv på fleire plan.[6]Night of the Living Dead er ikkje den første zombiefilmen som er laga, men har hatt innflytelse på talrike filmar og ein kan sjå på den som den første av undersjangeren «zombie-apokalypse» i skrekksjangeren. Det moderne pop-kulturelle synet på zombien kom kanskje nettopp frå Night.[7] Filmen er den første av fem Dead-filmar regissert av Romero, og blei gjeninnspelt i 1990.
Tittel
Tidleg i produksjonen hadde skriptet tittelen Monster Flick, men filmen var òg kjent som Night of Anubis og Night of the Flesh Eaters før han var ferdig.[8]
Handling
Filmen opnar med at ein kriminell som skal gravleggast våknar frå dei døde. Dette skremmer vekk dei to gravarane. Den udøde angrip so eit søskenpar som er på besøk på gravplassen. Søstera flykter og søkjer tilflukt i eitt avsidesliggande hus. Vi oppdagar at det er fleire udøde menneskjer som vandrar i natta. Det vert ein kamp for å overleve, der ei lita gruppe menneskje må prøve å samarbeide for å leve lenge nok til å bli redda. Det skal vise seg å bli vanskeleg på fleire måtar.
Handlinga vekslar no mellom gruppa si kamp for å overleve og dei rapportane i massemedia som dei overlevande klarar å få tak i.
Night of the Living Dead introduserte undersjangrane slasher og splatter-film. Som ein filmhistorikar peikte på, hadde skrekk før Romero sin film dreid seg rundt gummimasker og kostymer, filmsett av papp eller mystiske figurar gøymt i skuggane. Desse filmane var sett på plassar langt frå amerikansk landsbygd og forstadar.[15] Romero viste krafta som låg i exploitation og sette skrekk til vanlege og ordinære plassar, med ein modell for å lage effektiv og innbringande film på eit minimalt budsjett.[6] Slasherfilm i 1970- og 80-åra skulle skulde mykje til den originale Night of the Living Dead, med filmar som John Carpenter sin Halloween (1978), Sean S. Cunningham sin Friday the 13th (1980), og Wes Craven sin A Nightmare on Elm Street (1984).[16]
↑Forretningsdata for filmen på Internet Movie Database; sist nedlasta 24. juni 2006; plasserer innteninga på 12 millionar dollar til januar i året 2000, ikkje 1979.
↑"Treehouse of Horror III," episode 64, The Simpsons, October 29, 1992, på Internet Movie Database; sist lasta 24. juni 2006.
↑"Pink Eye," episode 107, South Park, October 29, 1997, på South Park: The Complete First Season (DVD, Warner Bros., 2002)
↑Andrew Tudor, Monsters and Mad Scientists: A Cultural History of the Horror Movie (Oxford, Eng.: Blackwell Publishing, 1989), p. 101, ISBN 0-631-16992-X .