Den newzealandske troppen bestod av femten idrettsutøvarar: ein alpinist, ni freestylekøyrarar, ein skeiseløpar, ein skiskytter og tre snøbrettkøyrarar.[3]Alice Robinson og Finn Bilous var flaggberarar for New Zealand under opningsseremonien,[4][5] medan Nico Porteous var flaggberar under avslutningsseremonien.[6][7]
Snøbrettutøvaren Zoi Sadowski-Synnott vart den fyrste utøveren frå New Zealand til å vinne ein vinter-olympisk gullmedalje, då ho vann slopestylefinalen for kvinner.[8] Sadowski-Synnott vann også ein sølvmedalje under finalen i big air for kvinner.[9] Nokre dagar seinare vann freestyleutøvaren Nick Porteous gullmedalje i halfpipe for menn.[10]