New Horizons er ein NASA-sonde på veg utover i det ytre solsystemet etter å ha vitja dvergplaneten Pluto. Den 478 kg tunge sonden vart skoten opp 19. januar 2006 og vart det fyrste romfartøyet til å passera Pluto og månane rundt. Etter plutopasseringa vil ein freista å passera eitt eller fleire kuiperbelteobjekt.
Den 28. februar 2007 passerte sonden Jupiter og returnerte detaljerte bilete av planeten og månane. New Horizons nådde Pluto 14. juli 2015, og vil verta den femte romsonden til å forlata solsystemet.
Vitskaplege instrument
New Horizons ber med seg sju vitskaplege instrument: tre optiske, to plasmainstrument, ein støvmålar og eitt radioinstrument. Til saman dreg instrumenta 28 watt. Dei sju instrumenta er:[1]
Alice - eit biletspektrometer som observerer i det ultrafiolette. Hovudmålet er å studera atmosfæren til Pluto.
Ralph - eit kamera med fargefilter. Hovudmålet er å observera yta til Pluto, plutomånane og eventuelt eit kuiperbelteobjekt.
Radio Science Experiment (REX) - eit instrument integrert i telekommunikasjonssystemet til New Horizons. Eitt av hovudmåla er å måla temperatur og atmosfærisk trykk i atmosfæren til Pluto.
Long Range Reconnaissance Imager (LORRI) - eit kamera integrert i eit teleskop. Det kan ta dei mest høgoppløyselege bileta til New Horizons av Pluto og månane. Det kan ikkje sjå fargar.
Solar Wind Around Pluto (SWAP) - måler solvinden kring Pluto for å finna ut kor mykje av atmosfæren til Pluto som svinn med solvinden.
Pluto Energetic Particle Spectrometer Science Investigation (PEPSSI) - fangar og måler partiklar som slepp unna atmosfæren til Pluto.
Venetia Burney Student Dust Counter (SDC) - eit studentbygt instrument som merkar støvpartiklar i det ytre solsystemet og kring Pluto.
Viktige datoar
19. januar 2006: New Horizons vart skoten opp frå Cape Canaveral