Neslandsvatn er ein tettstad sørvest i Drangedal kommune i Telemark fylke med 294 innbyggjarar per 1. januar 2023. Neslandsvatn er òg namnet på det vatnet som tettstaden ligg ved. Vatnet drenerer ein del av det sørvestlege Drangedal, og renn ut i nedre Tokke.
Sørlandsbanen har stasjon i Neslandsvatn, og frå her går òg det nedlagde sidesporet til Kragerø (Kragerøbanen).
Neslandsvatn var ein del av Kroken prestegjeld. Fylkesvegen gjennom Kroken går mellom Rv38 ved Heldøla og E18 ved Tangen i Kragerø kommune.
På Neslandsvatn ligg Kroken skole og Kroken barnehage. Neslandstunet ligg òg der.
Sjå òg
Kjelder