Nedre Smøråsvegen

Den inste delen av Nedre Smøråsvegen

Nedre Smøråsvegen er ein veg på Smørås i Fana i Bergen kommune. Han går søraustover frå Apeltunvegen til krysset ved Smøråslia og Nedre Smøråsflaten, og frå her vidare sørover som blindveg. Vegen er om lag 800 meter lang.

Smørås skole ligg i Nedre Smøråsvegen.

Namnet på vegen vart vedteke i 1953.

Knutepunkt

Kjelder

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.