Nedre Fiplingvatnet (sørsamisk Fijhpelogkoe) er ein innsjø som ligg i Grane kommune, heilt sør i Nordland fylke. Nedre Fiplingvatnet ligg rett nord for Øvre Fiplingvatnet. Dei to vatna er skilde frå kvarandre av eit lite eid. Innsjøen grensar i aust til Børgefjell nasjonalpark.