Nan er eit fylke i Thailand. Fylkeshovudstaden er Nan. Han grensar til (med klokka frå sør) Uttaradit, Phrae og Phayao. I nord og aust grensar han til Sainyabuli i Laos.
Innbyggartalet er 478 227 (per 2019).[1]
Geografi
Fylket ligg i elvedalen til Nan-elva med dei skogkledde Phlueng-fjella i vest og Luang Prabang-fjella i aust.[2] 7436 km² eller 61,3 prosent av fylket er dekt av skog.[3] Det høgaste fjellet er Phu Khe på 2079 meter nordaust for byen nær grensa til Laos.[4]