Nanna er eit gammalt nordisk namn som kjem frå norrønt nenna, 'djerv'. Det kan også vera ein variant av andre namn, sjå Nana. Nanna kan også vera eit slektsnamn.
I norrøn mytologi var Nanna kona til Balder. Namnet var lenge gløymd i Skandinavia, men blei teke i bruk tidleg på 1800-talet. Nanna er også namnet på ein sumerisk gud, sjå guden Sin.
Nanna har namnedag i Noreg den 4. april. I 1901 kom det med i den svenske almanakken og fekk namnedag den 5. april, flytta til 3. april i 2000. Nanna har også namnedag den 15. august i Estland.
Namneberarar
- Nanna Fleischer (1862–1946), norsk lærar for funksjonshemma
- Nanna Meyer, eigentleg Johanne Marie Meyer (1863–1958), norsk jurist og embetskvinne, forkjempar for tilsetting av kvinner til offentlege embete
- Nanna Broch, (1879–1971), norsk bustadkontrollør
- Nanna Svartz (1890–1986), svensk lege og tidleg kvinneleg professor
- Nanna Stenersen (1914–1977), norsk skodespelar
- Nanna Ditzel (f. 1923), dansk moteskapar
- Nanna Lüders Jensen (f. 1963), dansk songar med kunstnarnamnet Nanna
- Nana Hedin, kjend som Na Na, (f. 1968), svensk artist
Annan bruk