Carmen er eit spansk kvinnenamn med opphav i det hebraiske ordet karmel som tyder 'hage'. Det er eit mykje brukt namn i spansktalande område, og kan også opptre som etternamn.
Variantar av namnet er Carme, Carmel, Carmela, Carmelita, Carmella, Carmina og Carmo
Mannlege former er Carmelo og Carmine.
Ordsoge
«Carmen» er danna av den spanske katolske tittelen La Virgin de Monte Carmen, 'Jomfru Maria av Karmelberget'. Karmelberget er eit fjellmassiv i den nordlege delen av Israel. Fjellet er nemnt i Bibelen. Det hebraiske ordet karmel (hebraisk כַּרְמֶל) tyder 'hage'. Danninga av varianten «Carmen» er påverka av det latinske ordet carmen, som tyder «song».
Kjende namneberarar
Carmen Conde (1907–1996), spansk lærar og forfattar
Carmen Miranda (1909–1955), portugisisk-brasiliansk songar og skodespelar
Carmen Garayalde (1913–2002), uruguayansk lærar, politisk aktivist og kunstnar