Na-dené er ein språkfamilie frå Nord-Amerika som består av den athabaskiske språkfamilien saman med språka eyak, tlingit, og eventuelt også haida.
Saman med amerindiske språk og eskimoisk-aleutiske språk er na-dené ein av dei tre komponentane i Joseph Greenberg si kontroversielle klassifisering av amerikanske urfolksspråk.[1] Na-dené kan eventuelt vere i slekt med dei jenisejiske språka som blir snakka i Sibir.[2]
Språktre
Kjelder
- ↑ Greenberg, Joseph H. (1987) Language in the Americas. Stanford: Stanford University Press.
- ↑ Merritt Ruhlen (1998) The Origin of the Na-Dene, Proceedings of the National Academy of Sciences 95: 13994–96 PDF-fil