«My Coo Ca Choo» er debutsingelen til den engelske glamrockartisten Alvin Stardust. Singelen nådde andreplassen på UK Singles Chart i desember 1973.[1]Glmarocksingelen gjorde det betre i Australia, der han låg sju veker på toppen av singellista og vart den bestseljande singelen i landet i 1974.[2]
Songen vart skriven, sungen og spelt inn av Peter Shelley, under glamrocknamnet Alvin Stardust. Sjølv om han alt hadde dukka opp som Alvin Stardust på TV-programmet Lift Off, vart Shelley overraska over at singelen gjekk rett inn på lista veka etter. Sidan Shelley ikkje hadde noko ønske om å bli artisten han hadde som scenenamn, tenkte han at singelen skulle bli ein one-hit wonder. Den ideelle personen dukka opp, Bernard William Jewry, som på den tida spelte under artistnamnet Shane Fenton. Den nye «Stardust» spelte så på BBC Television-programmet Top of the Pops akkurat då singelen hadde gått inn på britisk topp 30, før singelen klatra til andreplassen.[3] Shelley følgde så opp med ei rekkje hittar for Stardust, inkludert «Jealous Mind», som gjekk til topps på singellista i Storbritannia i mars 1974.[4]