Muttur-massakren, òg kjend som Trincomalee-massakren på NGO-arbeidarar[1] skjedde 4. eller 5. august2006, då 17 tilsette i den franske internasjonale uavhengige nødhjelpsorganisasjonen Action Contre la Faim (engelsk Action Against Hunger, eller ACF) vart skotne på nært hald i byen Muttur, nær Trincomalee på Sri Lanka.[2] Offera inkluderte 16 srilankiske tamilar og ein srilankisk muslim.[3] Hendinga var eit av dei vondaste angrepa mot humanitære hjelpearbeidarar sidan angrepet mot SN i Bagdad i 2003.
Hendinga
Då lika vart funne, hadde Muttur vorte erobra av Sri Lankiske regjeringsstyrkar. Det hadde føregått harde kampar mellom regjeringsstyrkane og Tamiltigrane (LTTE) veka før lika vart oppdaga.[4] Lika vart funne liggjande med andleta ned og med skot i hovuda i ein leir for Action Contre la Faim.