Muela de Ares er eit av dei høgaste fjella i provinsen Castellón i Spania med ei høgd på 1348 meter over havet.
I det austlege Spania vert ordet Muela ofte nytta om fjell som er flate på toppen. For Muela de Ares er arealet til denne flata om lag 2 km². Nær Muela de Ares, om lag to kilometer borte, ligg Muela del Vila som har dei same eigenskapane.
Begge fjella ligg i kommunen Ares del Maestre, som nyleg har lagt fram planar om å lage ein vindmøllepark på fjella.