Tusenfryd har i overkant av 400 000 vitjarar kvart år. Mellom Tusenfryd sine hovudattraksjoner kan ein nemne «SuperSplash», ei berg-og-dal-bane som endar med eit plask i vatnet, «ThunderCoaster», ein av Europas største berg-og-dal-baner som er laga i tre og «SpeedMonster» i stål som stod klar til sesongopninga i april 2006. «SpeedMonster» akselererer frå 0 til 90 km/t på 2,2 sekund. Speed Monster kosta rundt 70 millionar kroner og var parken si største investering så langt.