Mons Larsson Eggum (27. desember 1787–11. mai 1867) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sogndal i Sogn.
Eggum var son til ein gardbrukar på Bjedla i Sogndal. Han var i 12 år skulehaldar. Kring 1818 gifta han seg til garden Eggum, og dreiv denne. Han var kjend som ein flink jorddyrkar. Perioden 1837-45 var han medlem av heradsstyret i Sogndal, dei fire fyrste åra i formannskapet. Frå 1841 var han sparebankdirektør og elles presten sin medhjelpar, samt valmann.
Eggum var 4. representant frå Nordre Bergenhus amt på Stortinget i 1839. Han var medlem av næringskomite nr 1.
Han døydde på garden Åberge i Sogndal, der han vitja dotter si, som var gift og busett der.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914