Denne artikkelen handlar om kvinnenamnet. For songen, sjå Mónika.
Monika og Monica er kvinnenamn av latinsk eller fønikisk opphav. Tydinga av namnet er ikkje fastsett, men det kan koma av gresk monos, 'åleine', eller latinsk monere, 'gje råd'.
Namna var mykje brukt i Noreg siste halvdelen av 1900-talet, med ein topp på 1970-talet. I 2009 var det 11 742 norske kvinner som heitte Monica og 2 913 som heitte Monika.