Momarken er ei bygd i Eidsberg i Indre Østfold kommune i Østfold, som utgjer nordre del av tettstaden Mysen. Staden er rekna som ein av landets mest kjente marknader i eldre tid, nemnt i 1611, oppheva 1830. Her er stor travbane med utstillingshall og årlege Raude Kors-arrangement med særs stort besøk.
Namnet kjem av gardsnamnet Mona, dativ singularis av «mo», ‘slette’; og ‘marknad’.
Kjelder
«Momarken» i Store norske leksikon, snl.no.