Moher-klippene (engelsk Cliffs of Moher, irskAillte an Mhothair,[1] 'Klippene til ruinen') er nokre kjende klipper ved kysten av County Clare i Irland.
Dei ligg ved sørvestenden av platået The Burren,[2][3] og strekkjer seg i 14 km langs kysten.
I sørenenden når dei 120 moh. ved Hag's Head, og 8 km lenger nord når dei den største høgda si på 214 meter like nord for O'Brien's Tower,[4] eit rundt steintårn bygd i 1835 av Sir Cornelius O'Brien,[2][5] før dei blir lågare. Dei næraste busetnadane er landsbyane Liscannor, som ligg 6 km sør, og Doolin 7 km nord.
Klippene er eit viktig turistmål. Herfrå kan ein sjå Aran-øyane i Galway Bay, fjella Maumturks og Twelve Pins i nord og Loop Head i sør.[5] Klippene er ein av dei viktigaste turistattraksjonane på Irland, med rundt 1,5 millionar vitjande kvart år.[6]
Geologi og dyreliv
Klippene består for det meste av skifer og sandstein. Ein kan sjå 300 millionar år gamle elve- og bekkefar i dei lågaste delane av landskapet.
På klippene finst kring 30 000 fuglar frå 29 forskjellige arter. Lundefugl hekkar her i store koloniar i utilgjengelege delar av klippene, og på den vesle «Goat Island».
Her finst også ravn, hauk, måke, lomvi, storskarv og alpekaie.
Galleri
O'Briens tårn er på toppen av høgda
Utsikt sørover mot Hag's Head
Byggearbeid ved klippene, november 2005
Fjellet består av lagbergarter. Den lysaste er sandstein.