Mixe-zoqueanske språk

Mixe-zoqueanske språk
Vidare inndeling:
Område: Mexico (Oaxaca, Chiapas, Tabasco, Veracruz)
Talarar: Ca. 200 000
Glottolog: Mixe–Zoque
ISO 639-5: ine


Utbreiinga til dei mixe-zoqueanske språka. Mixe i raudt og zoque i grønt.

Mixe-zoqueanske språk er ein språkfamilie som omfattar språk som blir snakka rundt Tehuantepec-eidet i Mexico. Dei meksikanske styresmaktene anerkjenner tre offisielle mixe-zoqueanske språk: mixe, med ca. 188 000 talarar, zoque, med ca. 88 000 talarar og språket popoluca, som har ca. 69 000 talarar og som eigenleg er to ulike språk, popoluca og popoloca. Ethnologue reknar likevel med fleire av dialektvariantane av desse språka, og reknar i alt med 16 ulike mixe-zoqueanske språk. Av utdøydde språk i denne språkfamilien finn ein blant anna tapachultekisk, som vart snakka langs søraustkysten av Chiapas.

Kjelder

Bakgrunnsstoff