Miskito er eit misumalpaspråk tala av miskitoar i det nordlege Nicaragua og i austre Honduras. Det er brukt som handelsspråk. I Nicaragua er det brukt mykje på lågare utdanningsnivå, og litt over halvparten av talarane kan lesa og skriva det. I Honduras kan derimot berre 1–10% lesa og skriva språket.
Det viktigaste bysenteret for miskito er Puerto Cabeza i Nicaragua.