Misje er ei øy og ein tettstad i Øygarden kommune, nord for Sotra i Vestland fylke. Tettstaden har 320 innbyggjarar per 1. januar 2023. Misje er ei lita øy, 2 km lengd frå sør til nord og 1 km brei. Øya ligg 37 kilometer nord- vest for Bergen langs bilvegen. Geografisk sett er Misje den første øya i Øygarden.
Historie
Fram til 1964 høyrde Misje med til den dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst og delt mellom fem kommunar. I lag med naboøya Turøyna gjekk Misje inn i Fjell kommune. I 2020 vart Fjell slegen saman med kommunane Sund og Øygarden til nye Øygarden kommune.
Tidlegare var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen. På delar av 1900-talet gav ein sardinfabrikk arbeid til både born, menn og kvinner.
Misje fekk bru til Sotra i 1982, og rutebåten slutta å gå. Nærbutikken og postkontoret vart nedlagt. Misje har likevel eige postnummer: 5366 Misje. Misje har også brusamband til Toftøyna i nord, og gjennomgangstrafikken til Øygarden går difor over Misje.
På Misje var det barneskule, som er nå lagt ned.[1] Skulekrinsen omfatta Turøyna og Misje. Ved gamle skulen er eit lokalmuseum, Misje museum.[2]
Folketalsutvikling for øya Misje:
Kjelder
- ↑ Bolstad, Jon (20. juni 2013), «Vedtok å leggja ned fire skular», NRK (på norsk bokmål), henta 13. februar 2024
- ↑ «Berekraftig vern og bruk av kulturminna i Fjell» (PDF). oygarden.kommune.no. Henta 13. februar 2024.
- ↑ Folketeljing 1801 for Manger prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Herdla herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 5,0 5,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Litteratur
- Misje, Anne Karin: BRO -forbindelse eller forbannelse? En studie av sosiale endringer i et lokalmiljø, Semesteroppgave etnologi grunnfag. Universitetet i Bergen 1991. Nettversjon Arkivert 2004-11-24 ved Wayback Machine.
- Misje, Børge og Turøy, Tore: Misje bygdebok, Straume 2004.
- Turøy, Tore: Ættesoga Misje, Straume 2001.
Bakgrunnsstoff