Erik Mikael Löfgren (fødd 2. september 1969) er ein svensk tidlegare skiskyttar og -trenar frå Torsby i Värmland.
Löfgren enda som andremann i verdscupen i skiskyting 1992, trass i at han ikkje vann eit einaste renn. Året vann han verdscupen, også då utan å vinne eit renn.
Under Vinter-OL 1992 i Albertville tok Löfgren to bronsemedaljar, fyrst på sprinten over 7,5 km og sidan i 4 x 7,5 km stafett.
Etter at han la opp som aktiv utøvar i 1998 var han trenar for det svenske juniorlandslaget. og deretter for USA sitt skiskyttarlandslag. Frå 2008 til 2012 var han landslagssjef i skiskyting for Noreg.
Kjelder
Bakgrunnsstoff