Mette er eit kvinnenamn. Det er mykje brukt i Norden, og kan vera ei kortform av Matilde eller Margrete.
Det har variantar som Metta, Meta, Metha og Metty. Mette har norsk namnedag den 14. mars.
Namnet er utbreidd i Danmark, der det var det 4. mest vanlege, brukt av 39 611 kvinner eller 1,45 %, i 2007.
Det er 9 825 kvinner som heiter Mette i Noreg. Namnet var mest populært på 1960-talet, då over 1,0 % av nyfødde jenter fekk namnet. Namnet er òg vanleg i namnesamansetjingar, til dømes som Anne Mette eller Siri Mette.