Meisterligaen 2016 var den 24. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFAChampions League. Den spanske klubben Real Madrid vann turneringa den 28. mai 2016 på Giuseppe Meazza-stadion i Milano, gjennom å sigre over byrivalen Atlético Madrid. Etter 120 minuttar spel stod det 1-1 mellom dei to laga, etterat Real tok leiinga då Sergio Ramos frå kort hald tuppa ballen i mål etter 15. minuttar, medan Yannick Carrasco utlikna i det 79. minutt. I den avsluttande straffeskytinga skåra Real Madrid på alle fem forsøk, så etter at fjerdemann hos Atlético Madrid hadde sett ballen i stanga, var kampen avgjort.
Real Madrid sikra seg dermed sin femte triumf i Meisterligaen sidan turneringa tok til i 1992.