Meisterligaen 2014 var den 22. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFAChampions League. Den spanske klubben Real Madrid vann turneringa den 24. mai 2014 på Estádio da Luz i Lisboa med siger 4-1 over byrivalen Atlético Madrid. Finalekampen gjekk til ekstraomgangar då det etter ordnær tid stod 1-1 mellom dei to laga; Diego Godín sende Atlético i føringa i 36. minutt, medan Sergio Ramos utlikna sekundar før ordinær tid var ute. I andre ekstraomgang skåra både Gareth Bale, Marcelo Vieira og Cristiano Ronaldo for Real, den siste på straffespark.
Real Madrid sikra seg dermed sin fjerde triumf i Meisterligaen sidan turneringa tok til i 1992.