Det er ikkje kjend korfor tåka har forma den har, men ho kan vera eit resultat av at den kvite dvergen som er opphavet til tåka kan ha ei kompanjongstjerna i ein tett bane som kan forma korleis gassen strøymer ut. Eit anna alternativ er at stjerna sitt magnetfelt og sin rotasjon sender gassen ut i bestemte retningar.[2]
Ingen planetariske tåker observerte av Hubble-teleskopet liknar mykje på Maurtåka. Sommarfugltåka, M2-9, liknar noko, men farten til gassen i tåka ut frå stjerna er likevel opptil ti gongar større i maurtåka.[2] Forma på gassen som strøymer ut frå den unge og tunge stjerna Eta Carinae liknar òg noko.[2]
Kjelder
↑«Fast Facts» - korte fakta om Maurtåka på éi av dei to offiselle heimesidene til Hubble-teleskopet.