Matriark er ei kvinne som har status som overhovud for familien, hushaldningar eller stammen sin, ei stammor eller i overført tyding ei eldre, akta kvinne.[1][2]
Ordet er danna etter mønster frå patriark, og finst også i matriarkat. Det kom til norsk frå engelsk matriarch.[1]
Omgrepet er viktig i jødedommen, der dei fire viktigaste matriarkane er Sara, Rebekka, Rakel og Lea. Ifølgje Talmud er berre desse matriarkar og berre Abraham, Isak og Jakob er patriarkar.[3]
Matriarkane er nemnde i nokre former av amida-bøna.[4]
Omgrepet «matriark» blir også brukt om eldre hodyr som leier familiegrupper, som elgar,[5]elefantar[6] og kvalar.[7]