Mataró (latinsk Iluro) er den største byen i Maresme i provinsen Barcelona i Catalonia i Spania. Han ligg på Costa Maresme, sør for Costa Brava.
Mataró har ei soge som går tilbake til romartida då han var ein landsby kalla Iluro eller Illuro. Ruinane frå eit romarbad frå det første hundreåret fvt. (lokalt kalla Torre Llauder) vart nyleg oppdaga. Kystvegen i Mataró følgjer same veg som den gamle romarvegen.
Den første jernbanen i Spania gjekk frå Mataró til Barcelona og opna 28. oktober 1848. Linja eksisterer framleis.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kjelder