Martinius Jansen (6. mai 1890–22. desember 1957) var ein spelemann og felemakar frå Drangedal i Telemark.
Far hans, Alfred Jansen, var svensk, medan mor hans var frå Homleid i øvre Drangedal. Jansen farta vide omkring for å lære spel, mellom anna heilt til Sjur Helgeland på Voss. Han var aktiv på kappleikar og på landskappleiken i Oslo i 1931 vart han nummer to, berre slått av Lorentz Hop.
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |