Markus og Marcus er mannsnamn av latinsk opphav. Markus har namnedag den 25. april.
Namnet har opphav i den romerske guden Mars og var brukt av fleire kjende romarar. Det spreidde seg gjennom den kristne verda gjennom evangelisten Markus (gresk Μάρκος). Andre former av namnet er Marc/Mark, Marco/Marko og Marcos. Marcello, Marcel, Marcius er avleidde namn.
Markus og Marcus blir også brukt som slektsnamn, og her er Marx ein tysk variant.
Bruk
Namnet har vore brukt i Noreg frå 1100-talet. Det var svært populært som døypenamn på 1990-talet. 5 733 norske menn heitte Markus i 2009. 3 995 heitte Marcus.
Namneberarar
- Marcus Tullius Cicero (106 f.Kr.-43 f.Kr.), romersk politikar, jurist, talar og skribent
- Marcus Licinius Crassus (105 f.Kr.- 53 f.Kr.) romersk general og politikar
- Marcus Junius Brutus (85 f.Kr.-42 f.Kr.), romersk senator
- Marcus Antonius (83 f.Kr.-30 f.Kr.), romersk general og politikar
- Marcus Vipsanius Agrippa (63 f.Kr.-12 f.Kr.), romersk general og politikar
- Marcus Fabius Quintilianus (ca. 35-100)
- Evangelisten Markus (første hundreåret), evangelist rekna som den første paven av Alexandria
- Marcus Aurelius (121-180), romersk keisar
- Pave Markus (300-talet)
- Marcus Gheeraerts d.e. (c.1520–c.1590), flamsk gravør
- Marcus Gheeraerts d.y. (1562–1635), engelsk målar
- Marcus C. Volqvartz (1678-1720), norsk prest og diktar
- Marcus Gjøe Rosenkrantz (1762-1838), norsk jurist og stortingsmann
- Marcus Jacob Monrad (1816-1897), norsk teolog og filosof
- Marcus Thrane (1817-1890), norsk sosialist
- Markus Nummi (f. 1959), finsk forfattar
- Markus Brendmoe (f. 1961), norsk kunstnar
- Marcus Grönholm (f. 1968), finsk rallykøyrar
- Marcus Tulio Tanaka (f. 1981), brasiliansk-japansk fotballspelar
- Markus Henriksen (f. 1992), norsk fotballspelar
Kjelder
«Markus – mannsnavn» i Store norske leksikon, snl.no.