Pantelić flytta til Hellas med familien då han var 14 år gammal, og debuterte på A-lagsnivå med Iráklis frå Thessaloníki. Etter å ha spelt i mange ulike klubbar vende han heim til Serbia i 2002. I 2004 fekk han kontrakt med toppklubben i Beograd, Raude Stjerne. Hjå dei vart han toppskårar i ligaen i 2004/05-sesongen, med 26 mål. Etter denne sesongen drog han til utlandet igjen, denne gongen til Hertha Berlin i tyskBundesliga. Han var Hertha sin toppskårar i 2006/07- (14 mål) og i 2007/08-sesongen (13 mål). Han hadde fire vellukka sesongar i Berlin, men fornya ikkje kontrakten sin i 2009. I staden drog han til Ajax i Nederland, der han skreiv under ein eittårskontrakt. Etter éin sesong der vende han attende til Hellas og Olympiakós, der han var med å vinna seriemeisterskapen i 2011.
Kjelder
Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 21. april 2010.