Inger Marie From (4. september 1867–20. oktober 1939) var ein norsk forfattar, omsetjar og fråhaldsforkjempar.
Familie
Marie From var dotter av skipper August Jørgensen og Amalie Caspersen (1840-1921).[1] Ho var gift med journalist og litterat Julius Severin Jørgensen From (1862-1934).[2] Ekteskapet vart oppløyst, og ho tok etternamnet Unneberg, etter garden ho kom frå.
Liv og virke
Marie From engasjerte seg i fråhaldsarbeid frå 1886.[3] I 1914 var ho med på å stifta IOGT sin barnelosje Malm,[4], og bidrog i barnebladet til organisasjonen Magne, og som omreisande talar.[5]
I 1895-1896 gav ho ut tre små bind, der ho hadde omsett det første, Fra Drikkens Verden, frå engelsk. Dei to neste binda bar begge tittelen Skisser. Etter eit opphald på fleire år, tok ho opp att forfattarskapen med Livets Spil (1906). I 1907 gav ho ut Ranveig på landsmål. Denne boka kom i anna opplag i 1915.
Bibliografi
- 1895: Fra Drikkens Verden I, Sandefjord
- 1895: Fra Drikkens Verden II, skisser, Sandefjord
- 1896: Fra Drikkens Verden III, skisser, Sandefjord
- 1906: Livets Spil, Sandefjord
- 1907: Ranveig, Sandefjord (2. opplag 1915)
- 1908: Unødige Bekymringer, Kristiania
- 1916: En liten solstraale, Erik Gunleikson, Risør[6]
- Til den norske kvinde, med Inga Zapffe.[7]
Kjelder