Marie Alfred Cornu (6. mars 1841–12. april 1902) var ein fransk fysikar. Han er særleg kjent for optiske undersøkingar.
Han var frå 1867 professor ved École polytechnique i Paris. I 1847 målte han lyssnøggleiken etter å ha forbetra Hippolyte Fizeau sin metode. Frå 1874 til 1880 kartla han den ultrafiolette del av solspekteret. Han fann opp cornuprismet, som blir brukt i ultrafiolett-spektrografar. Prismet er samansett av eit optisk høgredreiande og eit venstredreiande kvartsprisme, slik at dobbeltbryting eliminerast.
Kjelder