Margreth Olin Mykløen (fødd 16. april 1970) er ein norsk filmskapar kjend under namnet Margreth Olin.
Margreth Olin er frå Stranda på Sunnmøre. Ho tok grunnfag i media og massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen i 1990 og studerte deretter medie, journalistikk og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda fram til 1994.
Ho er kjend for å ta opp sosialpolitiske tema i filmane sine, og kallar ofte fram sterke kjensler.
Ho er mellom anna inspirert av den kontroversielle dokumentarskaparen Frederic Wiseman og skaparen av dogmefilmen, Lars von Trier.
Verkliste
- I kjærleikens hus, 1995 (om eit mottak for slakteriavfall)
- Onkel Reidar, 1997 (om onkelen til Margreth Olin, som har Downs syndrom)
- Dei mjuke hendene (om korleis eldre lever på ein sjukeheim)
- Fråtseri, kortfilm, del av De 7 dødssyndene, 2000
- Kroppen min, 2002 (om tilhøvet til sin eigen kropp)
- Ungdommens råskap, 2004 (om tilhøva i ein tiandeklasse i ein norsk skule)
- Lullaby (2006)
- Engelen (2009)
- De andre (2012)
- Cathedrals of Culture (2013) (regisserte episoden om Operahuset i Oslo)
- Mannen fra Snåsa (2016)
- Barndom (2017)
- Fengslet og forlatt (2018)
- Selvportrett (2020)
Utmerkingar
Margreth Olin var festspelkunstnar på Dei nynorske festspela i 2003.
Prisar
Bakgrunnsstoff