Margaretøya (ungarskMargitsziget eller Margit-sziget; òg kalla Margitøya) er ei 2,5 km lang øy med eit areal på 0,965 km² i Donau sentralt i Budapest.
Øya er stort sett dekt av parkområde og er eit populært rekreasjonsområde for både turistar og lokale innbyggjarar. Margaretbrua går over elva i sør, medan Árpádbrua kryssar elva og øya i nord.
Margaretøya vart tidlegare kalla Kaninøya (Nyulak szigete) og fekk sitt noverande namn etter Margaret av Ungarn (1242–1270), dottera til Béla IV av Ungarn. Øya var dominert av klostersamfunn og kyrkjer fram til 1700-talet, då ho vart vald som tilfluktsstad av palatinarane. Ho vart erklært ein offentleg park i 1908.