Margaret J. Geller (fødd 8. desember 1947) er ein amerikansk astrofysikar ved Harvard–Smithsonian Central for Astrophysics.
Geller har utført banebrytande arbeid med dei store strukturane i universet og mellom anna kartlagt fordelinga av galaksar, frå dobbeltsystem til dei største strukturane med titusenvis av galaksar, og utvikla nye metodar for å nytta sine data til å forklare korleis dei store strukturane har oppstått og utviklar seg. Ho er kjend for den populærvitskaplege formidlinga si og har motteke fleire medaljar, prisar og æresdoktorat.
Kjelder