I 2004 vart Margaret Berger kjend då ho kom på andreplass i andre sesong av Idol. Vinnaren det året vart Kjartan Salvesen, men Berger gav same året ut si fyrste plate, Chameleon. Songen «Lifetime Guarantee» frå albumet vann i Spellemannprisen 2004 i klassa for beste musikkvideo. Oppfylgjaralbumet hennar kom ut i 2006 med tittelen Pretty Scary, Silver Fairy.
Bidraget hennar til Melodi Grand Prix 2013 vart skrive av svenske Karin Park og duoen MachoPsycho (Noreg/Sverige).[1] Under finalen vann ho ein klår siger med 102 032 røyster. Til samanlikning fekk andreplassen, «Bombo» av Adelén, 59 414 røyster.[2]