Malayarkipelet, tidligere også kalt Malaysia
Malayarkipelet viser til øyane i Søraust-Asia , tidlegare også kalla Ostindia , dei austindiske øyane, Malaysia eller Malaisia.[ 1]
Nemninga «Malaysia» kom i bruk på 1800-talet.[ 2] [ 3] [ 4] Namnet blei lagt fram av den franske utforskaren Jules Dumont d'Urville , som i eit føredrag i Société de Géographie i Paris i 1831 føreslo å dela Oseania inn i fire delar: Polynesia , Mikronesia , Melanesia og Malaysia, det vil seia øyane vest for Ny-Guinea .[ 5] med til Malaysia rekna ein Sundaøyane , med dei store Sundaøyene Java , Borneo , Sumatra og Sulawesi , Dei små Sundaøyane frå Bali til Timor og Molukkane og Filippinane . Seinare er også Malayahalvøya teken med, ettersom ein rekna område der det budde malayisktalande folk, i området mellom Bak-India , Ny-Guinea og Australia , med til Malaysia.[ 6]
Namnet Malaysia blei i 1963 teke i bruk av forbundsstaten Malaysia , som bestod av område på Malayahalvøya og Borneo.
Kjelder
↑ Navn på stater og en del viktigere landområder. Skrivemåten av utenlandske geografiske navn , Oslo: Cappelen, 1932, s. 26.
↑ Geelmuyden, I.: Lærebog i Geografien til Skolebrug , Christiania: Malling, 1851, s. 408ff.
↑ Geelmuyden, I.: Geografi for Begyndere , 3. utgave, Christiania: Malling, 1856, s. 131f.
↑ Daa, Ludvig Kr.: Udtog af Geografien , 5. utgave, Kristiania: Abelsted, 1875, s. 151.
↑ Lansdown, Richard (red.): Strangers in the South Seas. The Idea of the Pacific in Western Thought , Honolulu: University of Hawaii Press, 2006, s. 219.
↑ Familieboka. 4: G-Instinkter , 2. utgave, Oslo: Aschehoug, 1950, s. 527.