Magnar Rygg (fødd 21. september 1948 i Gloppen, død 17. desember 2000) var ein norsk lærar og forfattar. Han tok artium ved Firda Gymnas 1967, og Volda lærarskule 1971. Magnar Rygg har vore lærar m.a. i Giske, Høyanger og Kåfjord. I Kåfjord var han også pedagogisk konsulent og skulesjef.
Magnar Rygg gav ut diktsamlingane Vårt minutt (1973), og Berre vi hev oss heimatt (1976). Han gav også ut barneboka Måsen som ikkje vil døy (1982) saman med illustratør Einar Aarø. I barneboka vert det skildra korleis Fuglefjellet i Ålesund vart sprengt vekk, frå synsvinkelen til fuglane.
Bibliografi
Bøker
I tidsskrift - eit utval
Kjelder
Bakgrunnsstoff